Kva skjer?

Frå bokn.kommune.no

Kulturkalenderen har fått påfyll. 

Viss du likar å planlegga, eller berre sjå kva som skjer i Bokn utover året - ta deg ein kikk i kalenderen Kva skjer? T.d. ligg alle politiske møte i løpet av året, i kalenderen.

Endringar og nye arrangement blir lagde til fortløpande.

Dei fleste av dei faste bidragsytarane har kome med sine arrangement. Kulturkontoret oppfordrar lag, organisasjonar og andre som har relevante arrangement om å ta kontakt.