Kyrkja julaftan

Foto i samband med eit tidlegare julespel. - Klikk for stort bileteFoto i samband med eit tidlegare julespel. Ingunn Grønnestad Gudstenesta blir overført på same måte som 17. mai i år.

Av kyrkjeverje Jan Magne Moi


Året 2020 er blitt eit annleis år på grunn av smittefaren med Covid 19. Det har resultert i avgrensing til 50 personar om gongen i kyrkja denne jula. Når korps og deltakarar i julespel er talt med, blir det få plassar att til andre.

Difor vil gudstenesta bli overført på same måte som 17. mai i Bokn.

Kommunale nettsider

Julaftan kl. 13.00 kan alle i Bokn sjå gudstenesta i heimane sine. Me oppmodar storfamiliane til å samlast framfor TV-skjermen, syng med og ta del i gudstenesta. Korpset vil spele, julespel som i alle år, allsong leia av May Jorunn Vatnaland og Håkon Sletten. Soknepresten vår, Tor Egil Eriksen og organist Bergfrid Seibt talar og spelar til songane. Merete Alvestad leiar arbeidet med julespelet.

Dersom du vil få med deg gudstenesta fleire gonger eller vil dele med nokon som ikkje har fått det med seg, kan du gå inn på Facebook og søke opp «Kyrkja i Bokn» evt. gå inn på Bokn kommune si heimeside. Der vil gudstenesta ligge inne heile julehelga.