Kystkultur på Bokn

Dei to siste vekene av skuleåret 2023/24 har elevane på Bokn skule fått lære mykje om Bokn som ein kystkulturkommune. 

Av Wenche Havikbotn

Bilde frå kystkulturprosjekt 2024 - Klikk for stort bileteEi av utstillingane frå kystkulturprosjektet 2024, som du kan sjå på Open dag, onsdag 19. juni kl. 15-17. Bokn skule

Vaksne og elevar har jobba godt saman og det har vore ein god stemning tross at vêret ikkje har vist seg på si beste side heile tida.

Skulen er overvelda og takknemleg overfor alle i lokalsamfunnet som har stilt opp frivillig i dette prosjektet. Det hadde ikkje vore mogleg for skulen å få dette til utan.

Lokale krefter

Lokale bedrifter har brukt tid til å ta imot elevar for omvising. Atle Jøsang i Grieg Seafood, Sveinung Sæbø i Rogaland Marine og Lars Magnus Alvestad har vist ungdommar i Bokn arbeidsplassane sine. 
Håflu har sponsa med fisk og fiskeutstyr. 

Fisken har blant anna vore nytta til å lage god og tradisjonsrik fiskemat. Til dette har me hatt god hjelp av Bodil Bryningsland, May Elisabeth Alvestad og Gunn Grønnestad.  Dei har hjelpe til på kjøkken saman med elevar og vaksne på skulen. Det er blitt laga fiskegrateng og fiskepinnar av fisk med god kvalitet. Bokn sjømat har bidratt med grønsaker og fisk til å lage fiskewraps som elevane har fått til lunsj.

På sjøhuset til Johannes Nilssen har Johannes og Arild Nilssen lært elevane å lage Tyrkermatter. Det har vore ein ivrig gjeng, det blir utstilling av mattene på open dag på skulen onsdag 19. juni klokka 15:00 – 17:00.

Båtfiske

Måndag, tysdag og onsdag denne veka har også mange elevar fått oppleve fiske frå både små og mellomstore fiskebåtar. Dei som har stilt med båtar er Kjell Terje Bryningsland, Johannes Alvestad, Mathias Olsen, Børt Åge Øvrebø, Edgar Våge og Henrik Våge. Ole Øvrebø har kokt krabbe som elvane har fått spist når dei har vore i Alvestadkroken.

I tillegg til alt dette som elevane har fått vore med på denne veka, så har det også vore stor aktivitet på skulen sist veke. Då var Birger Lindanger på skulen og fortalde gamle historier frå Bokn om fiske og sjøliv. Det blei jobba i klassane med å lage flotte ting til utstillingar.  

Eit prosjekt som kystkultur hadde ikkje vore så vellykka utan folk frå bygda som verkeleg kan visa elevane dette i praksis. Det har vore kjekt at så mange har stilt opp og brukt både tid og pengar på dette. 

Takk!

Skulen vil takke:

Birger Lindanger

Kjøkken

Bodil Bryningsland
May Elisabeth Alvestad
Gunn Grønnestad

Fiskeri

Kjell Terje Bryningsland
Finn Alvestad
Johannes Alvestad
Mathias Olsen
Børt Åge Øvrebø
Edgar Våge
Henrik Våge
Ole Øvrebø

Omvisning/bedriftsbesøk

Lars Magnus Alvestad
Sveinung Sæbø
Atle Jøsang

Sponsing

Håflu: fisk og fiskeutstyr
Bokn Sjømat: grønnsaker og fisk

Tyrkermatter

Arild Nilssen
Johannes Nilssen

Fleire bilde frå prosjektet: