Leige av utstyr i Bokn Arena Hall

Nå kan du få disponera utstyr når du leiger hallen i Bokn Arena.

Bildet viser badmintonaktivitet, 25.04.23: Fh. Gunnar Solberg, Wenche Havikbotn, Anita Kro og Egil Våge. Sistnemnde er leiar i årets 17. mai-komite og er i hardtrening til nasjonaldagen, då det går rykter om ein badminton-kamp. - Klikk for stort bileteBadminton, 25.04.23: Fh. Gunnar Solberg, Wenche Havikbotn, Anita Kro og Egil Våge. Sistnemnde er leiar i årets 17. mai-komite og er i hardtrening til nasjonaldagen, då det går rykter om ein badminton-kamp. Jardar Havikbotn

Fleire leigetakarar av idrettshallen i Bokn si storstove har ytra ønske om å få låna noko av utstyret inne på Bokn skule sitt lager ved sida av ribbeveggen i nordre del.

Nå er det utarbeida vilkår for leige av dette utstyret. Desse vilkåra blir sende til leigetakarar som i reservasjonsskjemaet under bestilling av tid i hallen, kryssar av for at dei ønsker å låna utstyr. 

Dette gjeld alt frå barneselskap til idrettsaktivitar som t.d. ulike ballspel, innebandy eller badminton. Sistnemnde aktivitet er blant dei klassiske, og her er det nyleg kjøpt inn relevant utstyr med mobilt nettstativ, som er enkelt å setta opp. 

Pr. i dag kostar det ingenting ekstra å låna dette utstyret. Dette blir vurdert i framlegg til gebyrregulativ for 2024.