Leike-klatrepark

Bokn kommune etablerer leike-klatrepark på kommunen sitt friområde i Føresvik.

Arbeidet er allerede i gong og me håpar å vera ferdig innan mai i år.

Anlegget sett frå lufta - Klikk for stort bileteAnlegget sett frå lufta.Parken vil vera for alle aldersgrupper og inneheld klatreapparat, slackline for balansering og treningsapparat. Sjølve aktivitetsområdet skal ha gummidekke med mønster tilpassa Bokn.

Bokn kommune ønsker at dette blir ein triveleg plass der unge som eldre kan treffast og driva aktivitet, eller berre slappa av og nyta den flotte utsikta over Boknasundet.