Litt om hytta og turskildring

Bilde av Kongsbu 28.01.23. - Klikk for stort bileteKongsbu 28.01.23. Hans Faye


Trykk under for meir informasjon:

Om hytta

Kongsbu ligg plassert ved stien som går frå turvegen i Føresvik ut til Boknahåve. Hytta ligg i eit område med typisk opna kystlandskap, med utsikt mot Boknasundet og Tysvær i aust. Nedanfor hytta er det ein grunn lagune med moglegheit for bading eller annan vassaktivitet. Det er mogleg å komma til hytta sjøvegen med kajakk, kano eller liten båt via sundet ytst ved Kongshamn. Hytta har eit eige turbibliotek.

Opent: heile året
Sjølvbetjening: ja
Overnatting: nei
Passar for: barn og vaksne.
Turavstand: Frå parkeringa ved Bokn kyrkje er det ca. 5 kilometer t/r uavhengig av om ein vel å gå via turvegen, via Føresvik og deretter inn på turvegen eller å ta turen som ein rundtur.
Universell utforma tilkomst: Turen går stort sett på veg/grusveg. Siste 500 meter inn til hytta er på traktorveg. Denne vil på sikt utbetrast til grusveg.
Toalett: Ja
Bålpanne: nei, men det er planlagt

Tilkomme og parkering

Turmålet er skilta frå parkeringsplassane, og ein kan velja parkering ved Bokn kyrkje eller Bokn Arena. Frå Bokn kyrkje er det turveg som startar vis-a-vis parkeringsplassen, men ein kan også gå langs vegen ned til Føresvik og deretter inn på turvegen frå byggefeltet rett ovanfor Føresvik. Ved parkering på Bokn Arena, følg vegen ned via Føresvik og deretter inn på turvegen.

Turmålet kan nåast med kollektivtransport. Kystbussen går gjennom Bokn kommune til og frå Stavanger, og næraste busstopp er Alvestadkroken. Følg vegen «Alvestadkroken» opp til «Føresvikvegen». I krysset Føresvikvegen og Grønnestadvegen kan ein velja om ein vil gå vidare på Føresvikvegen og starta turen ved Bokn Arena eller gå opp Grønnestadvegen og starta turen ved Bokn kyrkje.

Turskildring til hytta

Turen går stort sett på veg/grusveg. Siste 500 meter inn til hytta er på traktorveg. Turvegen er opplyst, men om ein vel å gå når det er mørkt må ein vera merksam på at det ikkje er lys på dei siste 500 meterane til hytta (traktorvegen).

Det er to vegval til hytta. Går ein via turvegen går turen langs eit beiteområde og lett skogsterreng. Vegen er lett kupert. Vel ein å gå via Føresvik går første kilometer av turen på vanleg veg ned til Føresvik, forbi klatreparken og inn på turvegen via byggjefeltet ovanfor Føresvik. Turvegen går gjennom skog og vegen er lett kupert. Ut til hytta går ein på ein traktorveg. Frå turvegen og siste stistykke på traktorveg er det lurt å ha godt fottøy.