Lokale digitale bøsser

Bilde frå blimed.no blimed.no I løpet av denne veka vil du sjå og høyra orda DIGITAL BØSSE ein del gonger. Desse er sentrale ved årets TV-aksjon. Viss du vil gi, er det lett å gjera dette.

Dei digitale bøssene blei opna for innsamling 5. oktober. Betalinga skjer med Vipps eller bankkort. Du kan også velja å få tilsendt faktura. Givarar kan velja å registrera namnet sitt eller vera anonyme. 

Lokale digitale bøsser

Ved å gå på blimed.no og velja knappen Finn din lokale bøsse, skriva Bokn i søkeruta og Rogaland i fylkesruta - vil du få opp ei oversikt over registrerte bøsser i kommunen (bildet). Det er sjølvsagt det same kva for ei du vel - alle beløp blir registrert på Bokn og går rett til TV-aksjonen.

Her vil du også finna skulespleisen Bokn skule hoppar i havet, som allereie har samla inn ein femtedel av målbeløpet.