Luciafest og kulturprisutdeling

Kulturprisvinnar Rune Vatnaland Jardar Havikbotn Rune Vatnaland fekk tildelt Bokn kommune sin kulturpris på Luciafesten 8. desember. Sjølv om «halve Bokn» var på cupfinale i Oslo 2. sundag i advent, var det folksamt i søre del av Bokn Arena under hendinga.

Stor respons

I år hadde det kome inn over 20 forslag, fleire på same person/lag. Den enorme responsen er utan sidestykke i kulturprissamanheng. Tidsperspektiv-fokus og nominering gjennom fleire år har alltid vore ein raud tråd i kulturprisvurderinga. Årets prisvinnar har utført variert dugnadsarbeid i kommunen i rundt 25 år.

Formannskapet si grunngjeving:

Bokn kommune sin kulturpris 2019 går til Rune Vatnaland. Med mål å ha det kjekt på Bokn har prisvinnaren, med eit enormt pågangsmot og stor entusiasme, tatt del i variert dugnadsarbeid i lang tid - alt frå arbeid i idrettslag og velforening til lyssetting av tursti, sjukeheimsprosjekt og Bokn Arena Event.

I siste halvdel av 1990-talet starta Rune Vatnaland trialavdelinga i Bokn IL og var ein av initiativtakarane til Pluggen motorklubb, som blei starta hausten 1999. Det hadde ikkje kome opp idrettshus i 2003 utan Rune Vatnaland sitt engasjement og stå på-vilje. Han dreiv også sykkeltrening i treningslokalet då huset var nytt.

Mange er nok ikkje klar over kor mange timar prisvinnaren har brukt på dugnad i kommunen opp gjennom åra. Han er nemleg ikkje opptatt av å fremja seg sjølv og stikka nasen sin fram. Derfor blir arbeidet han gjer kanskje ikkje alltid lagt merke til av alle. Rune Vatnaland er framleis aktiv, og deltar til dømes i arbeidet med ny skule. Me håpar denne prisen vil inspirera til vidare innsats for eit godt liv på Bokn.

I tillegg til diplom fekk Rune Vatnaland et bilde av Skien-kunstnaren Rolf Nerli: “Minner av blått”, der skal kunna assosierast med årets prisvinnar.

Andre nominerte:

Kandidatar
Kvednabekkjers Lars Sigmund Alvestad Henriette Lindanger
Edgar Våge Kjell Olav Skjelde Grieg Seafood
Runa G. Schmeichler Torhild Svendsen Merete Alvestad

Det er også ei ære å bli nominert. Bokn kommune håpar dette inspirerer alle kandidatane til vidare innsats i bygda.

Luciafest nr. 50?

Det spørsmålet stilte festleiar Odd Grønnestad innleiingsvis frå talarstolen. Musikkorpset frå 1964 har ikkje hatt denne tradisjonsrike festen kvart år, men det er nok ikkje langt unna.

I år stod 3. og 4. klasse for eit stemningsfullt Luciaopptrinn. Skulekorps og aspirantar framførte si avdeling før Rakel Jansen Alvestad hadde tale for kvelden.

Nytt anlegg og nytt piano

Karianne Våga opptredde med kjenslevart saxofonspel før Sissel Eikeskog og Michelle Våga varta opp med eit klokkeklare song- og pianoinnslag. Sistnemnde spelte også eit solonummer på piano. Lyden frå det nye anlegget var upåklageleg. Det var også første gong det nye pianoet var på scenen.

Festen inneheldt også mat, drøs, bordkonkurranse, trekningar, heidringar, allsong og eigen avdeling med Bokn Brass.

Glimt frå Luciafesten 2019 (beklager dårleg blitz) - foto: Jardar Havikbotn