Lys i skulebygg

Bokn skule 08.11.22 - Klikk for stort bileteBokn skule, 08.11.22 Jardar Havikbotn

Grunnen til at lyset på nyskulen står på heile døgnet er såkalla Dali-programmering. Det er venta at normal lysstyring vil vera på plass om ca. ein månad.

Ikkje mogleg å skru det av

Fleire har kontakta kommunen og lurt på kvifor lyset står på heile natta. Elektroentreprenøren seier at det ikkje er mogleg å slå det av med sikring nå, for det er naudlys på samme kabel, og ein ønsker ikkje å lada opp og tømma batteria for mykje.

Dali-programmering er noko av det siste dei utfører før ferdigstilling i veke 49/50, og lyset blir nok ståande på til programmeringa er ferdig.