Månadens tillitsvalt!

Edith Hervik Sæbø vart denne månaden kåra til månadens tillitsvalt, og tysdag 18. juni kom Torill Herigstad frå Fagforbundet og overrekte både diplom, blomar, flaske og kake.

Av Grethe Heimvik

Bilde av Edith Hervik Sæbø - Klikk for stort bileteEdith Hervik Sæbø Grethe Heimvik

Edith har vore plasstillitsvalt for medlemmane i Fagforbundet sidan 2021 då ho overtok vervet etter Kristin Eide. Ho vart valt til hovudtillitsvalt nå i 2024, då ho overtok vervet etter Rannveig Øvrebø. 

Helse- og omsorg er heldig som har fått ein stabil og dyktig medarbeidar i staben! Edith har arbeidd i Bokn kommune i mange år, då ho starta opp som assistent i eit vikariat allereie våren 2011. Ho vart deretter tilsett som lærling helsefagarbeidar hausten 2013, og byrja i fast stilling i pleie- og omsorg etter end læretid. 

Edith har gjort ein godt jobb med å ivareta alle medlemmene sine interesser og rettar, og det er mange som har nytta glede av å ha henne med på sitt lag. Det er ein kunst å balansere interessene til medlemmene sine og samtidig ivareta eit godt samarbeid med arbeidsgivar, men dette er eit kunststykke Edith har klart med «bravur» alle desse åra! 

Edith har sagt ja til å vere hovudtillitsvalt for Fagforbundet ut 2024, og vi ser fram til å fortsette det gode samarbeidet framover, og håpar at ho finn vervet så lærerikt og interessant at ho ynskjer å fortsette og etter at dette året er omme!
Vi gratulera Edith med utmerkinga «Månadens tillitsvalt»!