Mange barn treng fosterheim – bli med på infomøte

Fosterhjemstjenesten i Haugesund inviterer til digitalt informasjonsmøte, tysdag 18. april kl. 20. Påmeldingslenke i artikkelen.

Rundt 30 barn i Haugalandet og Sunnhordaland treng ein ny, trygg heim. 18. april blir det digitalt informasjonsmøte med Siv Merethe og June. Bli med og finn ut kva det vil seia å vera fosterheim.  

Meir informasjon og skjema for påmelding finn du i denne lenka  

Illustrasjonsfoto Tine Poppe

I Rogaland og Vestland er det over 1000 fosterheimar. Når dei skal fortella om kvifor dei har opna hjartet og heimen for eit barn svarar mange:

- Me ønsker å hjelpa eit barn som treng hjelp.

Og dei svarar:

- Det gir oss stor glede å sjå utviklinga barnet får når det får stabil omsorg. 

Digitalt møte

Det kjem stadig nye barn til, som treng fosterheim. På vårt digitale informasjonsmøte får du vita meir om kven barna er, og kva det inneber å vera fosterheim. Møtet tar ca. ein time. Du får anledning til å stilla spørsmål.  

Fosterhjemstjenesten i Haugesund, som er ein del av Barne-, ungdom- og familieetaten (Bufetat), har digitale møte ca. ein gong i månaden.