Meir om 17. mai

Skulen og barnehagen skal bytta plass i toget slik at skulebarna høyrer korpset, og det blir meir allsong under marsjeringa.

Start dagen i maritimt miljø med m.a. ferske reker.

Bilde: Skulen og barnehagen skal bytta plass i toget slik at skulebarna høyrer korpset, og det blir meir song under marsjeringa. Foto: Kyrre Lindanger.

For første gong blir det 17. mai-frukost for alle på sjøhuset til Lars Magnus Alvestad. Det blir buffet med ferske reker frå Jøsang Sjømat, egg, bacon, div. pålegg, melk, juice, kaffi og te.

Pris: Vaksne kr. 100,- og barn kr. 50,- (ut 10. kl.)

Det er 8. kl. som arrangerer frukosten, og alle inntektene går til klasseturen deira når dei kjem i 10. kl.

Meir allsong

Det viser seg at mange ikkje har med seg programmet med songtekstane, og allsongen blir så som så, spesielt på dei siste versa av Ja, vi elsker. For å få opp allsong-faktoren i toget, blir nasjonalsongen og Kongesongen trykt opp, og du får eit slikt ark på sjøhuset før togoppstillinga kl. 09.30. Skulen og barnehagen har også bytta plass i toget, slik at skulebarna høyrer korpset skikkeleg. Dette bør føra til meir song under marsjeringa.

Bokn Gatebilklubb

Då programmet gjekk i trykken var det usikkert om Gatebilklubben skulle ha ei utstilling på fotballbanen. Det er nå bekrefta at det blir dette, der det også blir muleg å melda seg inn i klubben. Leiar Odd Kenneth Tollaksen fortel at dei som melder seg inn i klubben via heimesida deira frå nå og fram til 18. mai er med i trekninga om eit år gratis medlemskap. Det kostar kr. 600,- for dei mellom 16-18 år og kr. 800,- for dei som er 18+. Klubben har heller ikkje noko øvre grense eller krav til køyretøy. 

Les også om programmet for dagen.