Menn i helse

Bilde frå nettsida til Menn i helse. - Klikk for stort bileteBilde frå nettsida til Menn i helse. mennihelse.no Seks kommunar på Haugalandet og Sunnhordland er med i eit nasjonalt rekrutteringsprogram kor arbeidssøkande menn mellom 25 - 55 år blir tilbode eit komprimert og føreseieleg utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Om kurset

Nytt kull skal nå startast opp og vi søker etter nye menn som er mann nok til å vise omsorg og til ta ei utfordring. Det vil bli gjennomført både digitale og fysiske informasjonsmøte. Ein kan velje mellom fysiske møte som blir haldne på Vormedal ungdomsskule onsdag 5. januar kl. 17:00 og på Stord hotell onsdag 19. januar kl.13:00.

Ein kan også velge å sjå eit digitalt informasjonsmøte når ein sjølv måtte ønske. Tilgang til det digitale informasjonsmøtet får ein ved å kontakta sin Nav-rettleiar. Det digitale informasjonsmøtet kan ein følge fram til 3. februar. 

På informasjonsmøtene blir det orientert om Menn i helse, utdanninga og jobbmoglegheitene. I februar og mars vil det bli gjennomført intervju. Etter intervjua vil eigna og motiverte kandidatar bli tilbode ein 12 vekers rettleia praksisperiode som helserekrutt på sjukeheim eller tilsvarande. Deretter er det sommerjobb og vidare utdanningsløp fram mot fagbrev som helsefagarbeidar.

Er du vår neste mann? Grip moglegheita! Kjenner du nokon som fortener moglegheita? Tips han om Menn i helse!

I denne videoen får du meir informasjon: 

 

Nettsida til Menn i helse:

mennihelse.no