Miljøterapeut 

Elisabet Taraldlien - Klikk for stort bileteElisabet Taraldlien Jardar Havikbotn Elisabet Taraldlien begynte 1. august i nyoppretta stilling som miljøterapeut i Bokn kommune. 

Ho bur i Bokn og har tidlegare jobba 15 år i Bokn kommune, tre år som barne- og ungdomsarbeidar og 12 år i Bokn barnehage. Fire og eit halvt år som pedagogisk leiar i Tysværvåg barnehage har ho også bak seg, og er nå tilbake i Bokn kommune. 

Som miljøterapeut skal ho jobba med å fremja meistring, læring og personleg ansvar hos enkeltmenneske og i grupper. Stillinga er kombinert mellom skule og fritid, og ho vil også ha kontor både på Boknatun og skulen. 

- Hovudfokuset mitt dei første månadene vil vera å bli kjend med ungdommane, å la dei bli kjende med meg, seier den nytilsette miljøterapeuten, som m.a. skal vera til stades ein kveld i månaden på Petra fritidsklubb.  

Du treffer henne på tlf. 46 95 95 13 og epost elisabet.taraldlien@bokn.kommune.no

Elisabet Taraldlien er stolt, audmjuk og takknemleg over å vera den første miljøterapeuten i Bokn kommune. Ho gler seg til å ta fatt.

Lykke til!