Miljøveke på skulen

1. og 2. kl. på søppelplukking, 26.04.22 - Klikk for stort bilete1. og 2. kl. på søppelplukking, 26.04.22 Valentina Everte Denne veka er det temaveke på skulen, der temaet er miljø. I går plukka 1. og 2. kl. søppel rundt skulen saman med lærarane Valentina Everte og Trygve Meland.

Dei plukka søppel på leikeplassen, i skogen, i ballbingen, på grasbanen og litt på andre sida av skulen/parkeringa.

Kva slags søppel fann dei? - sjå bilda nedst i artikkelen.

Miljøbåten «Miljødronningen»

I morgon, torsdag kjem miljøbåten "Miljødronningen" til Bokn. Dei har fokus på forsøpling i havet og driv med foredrag, havutstilling og strandrydding. I båten har dei eit pop-up-klasserom, kor ulike klassar skal komma på besøk i løpet av dagen. 

På fredag vil elevar frå 3. kl. og oppover sørga for at Bokn blir endå reinare. M.a. skal det plukkast søppel rundt "Nullen".

Her er bilde frå gårsdagen: