Minneord, Leif Vatnaland

Det er med stor sorg me har mottatt melding om at tidlegare ordførar Leif Vatnaland er gått bort, 90 år gamal.

Bildet er frå Boknatunopninga, 1. oktober 1987: Ordførar Leif Vatnaland og fylkesordførar Lars Vaage kuttar snora.  - Klikk for stort bileteBoknatunopning, 1. oktober 1987: Fv. ordførar Leif Vatnaland og fylkesordførar Lars Vaage kuttar snora. Stein Alendal

Av ordførar Osmund Våga

Han har vore ein av dei mest betydningsfulle politikarane i Bokn, med ein lang karriere i kommunestyret og som ordførar. Nokre av dei eg har snakka med, beskriv han som ein bauta i Bokn.

Leif blei først vald inn i kommunestyret i 1964, og var der nesten samanhengande til 2003, altså i 40 år. I desse åra var han også ordførar i fleire periodar, frå 1972 til 1995, til saman 15 år.

Han var også med i fylkestinget i 12 år, og satt der i kultur- og samferdselskomiteen. For dette arbeidet har han motteke KS si fortenestemedalje.

Omgjengeleg og inkluderande

Leif var kjend som ein omgjengeleg og inkluderande ordførar, med humor og eit glimt i auga. Han fekk folk til å føle seg vel i møter, og var meir opptatt av samarbeid og få ting til enn å framheve seg sjølv.

Han hadde eit stort engasjement for Bokn, for å utvikle kommunen vidare. Spesielt var han opptatt av samferdsel og kva betydning det ville ha med fastlandssamband. Leif var med i styret for Tungenes ferjeterminal, for å arbeide for Rennfast-prosjektet og ferje til Bokn.

Vore med på mykje

Leif har vore med på mykje av det viktige som har skjedd i kommunen.

Bildet viser Kongen som nettopp har opna E39 Kyststamvegen og ferjedrift i Arsvågen, 26. juni 1991. Ordførar Leif Vatnaland til høgre og vegdirektør Eskild Jensen står på kvar side av kongen. - Klikk for stort bileteKongen har nettopp opna E39 Kyststamvegen og ferjedrift i Arsvågen, 26. juni 1991. Ordførar Leif Vatnaland til høgre og vegdirektør Eskild Jensen til venstre. Stein Alendal

Han var ordførar under skulebygginga i 1973, bygging av nytt kommunehus (Boknatun) i 1987 og fastlandssamband med bruer og ferjekai i 1991. Spesielt arbeidde han mykje med planlegging og finansiering av Boknatun, der me fekk støtte frå staten til å bygga det.

Han inngjekk avtalen med Tysvær som har sørga for at Bokn har fått gode inntekter frå Kårstøanlegget i mange år, sjølv om det ikkje ligg i Bokn.

Og han sat i kommunestyret under arbeidet med bygging av den store gassrøyren Europipe 2 gjennom Bokn i 1999. Og bygging av ny barnehage i 2002.

Samfunnsengasjert bonde 

I tillegg til å vere ein engasjert politikar med mange verv, var han også bonde. Han dreiv gard på Vatnaland saman med kona Liv. Der fekk dei også 4 barn, og det må ha vore travelt for Liv når han var oppteken i politikken.

Barna var som vanleg med i gardsdrifta, og etter at sonen Jens Morten overtok garden, var Leif og Liv med å hjelpte til. Leif fekk seg med tida ein gravemaskin, som han likte å arbeida med på garden.

Han var engasjert i samfunnet, og var med og starta musikkorpset og sat i styret der. Leif var også med i Senterpartiet, bondelaget, handelslaget og andre organisasjonar i kommunen.

Leif hadde stor sans for humor, og var med i revyen i Bokn. Då kultursoga til Bokn skulle skrivast, var han med i bygdeboknemda. Her gjorde han ein stor frivillig innsats og bidrog med mykje kunnskap om Bokn.

Leif har vore ein av dei mest betydningsfulle politikarane i Bokn si historie, og eg vil på vegne av Bokn kommune få takke han for hans innsats innan politikk og samfunnsliv.

Helsing
Osmund Våga
Ordførar