misak.no

Bilde frå nettsida misak.no

I nettportalen for innbyggjarforslag i kommunar kan du foreslå eller skriva under på saker du ynskjer å få behandla av Kommunestyret.

Visste du at du som innbyggjar i ein kommune eller eit fylke har rett til å setja ei sak på den politiske dagsorden? For at eit innbyggarforslag (§ 39a i kommuneloven) skal bli behandla i kommunestyret, må forslaget ha underskrifter frå minst to prosent av innbyggjarane. Ungdom under 18 år kan også foreslå saker.

Kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til saka seinast seks månader etter at han har fått nok underskrifter. Saker som ikkje har nok underskrifter etter 12 mnd., blir lukka.

www.misak.no har nå fått eit meir moderne uttrykk og blitt tilpassa mobiltelefon. Kommunal- og moderniseringsdepartementet ynskjer med portalen å bidra til eit betre lokaldemokrati. 

- Det er viktig at innbyggjarane blir gitt høve til å involvera seg i små og store politiske saker i kommunen sin. Gjennom å introdusera ein mobilversjon av misak.no vil vi gi vårt bidrag til å gjera det enklare for folk å koma med forslag til kommunen dei bur i. Det er bra for lokaldemokratiet, uttaler kommunal- og moderniseringsminister, Jan Tore Sanner, i ei pressemelding.