Mobilt plan- og byggesakskontor

Areal- og byggesakssjef Runar Lunde ønsker innbyggarar med byggeplanar velkomne inn i det rullande kontoret.  - Klikk for stort bileteAreal- og byggesakssjef Runar Lunde ønsker innbyggarar med byggeplanar velkomne inn i det rullande kontoret. Torgeir Henden Torsdag 17. mars kl. 15 - 17.30 kunne boknarar med byggeplanar besøka Mobilt plan- og byggesakskontor ved Coop' en på kaien i Føresvik.

Som eit tilbod til alle innbyggarar lanserer Karmøy og Bokn v/driftige areal og byggesakssjef Runar Lunde (Karmøy kommune) eit mobilt plan- og byggesakskontor på ettermiddag/kveldstid utvalde torsdagar fram mot sommaren. Dette er ein bobil der flinke ansatte innan byggesak og plansak vil hjelpe deg med veiledning og spørsmål.

Då representantar frå Bokn kommune var nedom Føresvik ved 15.15 – tida torsdag 17. mars, var det kø utanfor bobilkontoret. Det var kjekt å sjå at dette flotte tilbodet blei tatt så godt imot! Datoar for april og mai blir annonsert seinare.