Møtte kongen!

Helste på kongen: fv. Anette Våga, Anita Kro, Øyvind Ognøy, Jan Erik Nygaard, Leiv Våga, Tormod Våga, Else Nilssen, Else Kristine Nilssen og Lene Vatnaland.27. juni reiste ni boknarar til Stavanger for å delta på 25 års-jubileet til kongeparet. Arrangementet var på Ledaal der kongen har sitt residens.

Foto: Helste på kongen: fv. Anette Våga, Anita Kro, Øyvind Ognøy, Jan Erik Nygaard, Leiv Våga, Tormod Våga, Else Nilssen, Else Kristine Nilssen og Lene Vatnaland.

Av Ida Havikbotn

Bokn kommune fekk sende ni personar som skulle representere kommunen. Blant dei personane var det både kjønnsbalanse og aldersbalanse fordi kongeparet ville treffa eit utval av befolkninga.

Selskapet byrja med at dei blei registrerte inn for så å vente til kongeparet kom. Deretter var det talar og underhaldning, mat og mingling i hagen på Ledaal. Alle gjestene fekk helsa på kongen, dronninga og kronprinsparet. Kongen handhelste på alle. Dei som var litt frampå fekk også handhelse på dronninga og kronprinsparet.

Veldig bra program

Ordførar Tormod Våga syntest at det var eit fint og variert program.

- Det var tale frå ordføraren i Stavanger, tale frå kongen og ein ungdomsrepresentant frå Sauda som heldt eit glimrande innlegg om korleis det var å vere oppvaksen i Sauda. Det var også lokale kunstnarar som framførte eigenprodusert musikk, m.a. Idol-vinnar Marius. Det var også danseopptrinn med både lokale musikarar og dansarar, seier ordførar Tormod Våga.

I talen til kongen snakka han generelt om Rogaland, og framheva spesialitetane til fylket. I tillegg gjekk han rundt og helste medan han snakka om daglegdagse ting.

Alle som var med syntest det var veldig kjekt.

- Dei vil nok ikkje vaske hendene sine på ei stund nå, smilar ordførar Tormod Våga.