Museumsgjenstandar utan hus

Treskeverk med hjul og ”skjeger” - Klikk for stort bileteTreskeverk med hjul og ”skjeger” Jardar Havikbotn Bokn kommune gir bort store museumsgjenstandar som det ikkje er plass til i samlinga. Dette gjeld ein slåmaskin, treskeverk med hjul og ”skjeger”, kålerabiraspar og ei knivhorv.

Gjenstandane har lenge vore lagra ulike stader i Bokn. I dag står dei på eit lager på brannstasjonen. Nye plassbehov gjer at dei nå må fjernast derifrå.

Ikkje unike

Bokn bygdemuseum er ei avdeling i Haugalandmuseet AS. Regionsmuseet bekrefter at desse gjenstandane ikkje er unike. Slike ting finst i fleire andre avdelingar, og det er beslutta å kassera/gi dei bort til ev. interesserte.

Kålerabiraspar - Klikk for stort bileteKålerabiraspar Jardar Havikbotn Slåmaskin - Klikk for stort bileteSlåmaskin Jardar Havikbotn Gjenstandane Knivhorv - Klikk for stort bileteKnivhorv Jardar Havikbotn har tidlegare vore avbilda i Bokn Bygdablad, i mars 2010. Då saman med eit styrehus, som i dag står restaurert ved sjøhuset til Åse Helen og Espen Alvestad i Alvestadkroken. Sjølv om ingen andre den gongen var interesserte i det andre, kan situasjonen vera ein annan i dag.

Ta kontakt

Drar du kjensel på/har gitt, eller har kjennskap til kven som har gitt gjenstanden/gjenstandane til bygdemuséet? Eventuelle gjevarar har sjølvsagt førsteretten dersom dei vil ha ting att.Viss fleire er interesserte i den same gjenstanden, blir det loddtrekning.

Frist for å melda interesse er 31. august. På grunn av ferieavvikling i perioden, blir det lista opp fleire namn du kan ta kontakt med:

Geir Øvernes

Tlf. 46 89 10 98

Jardar Havikbotn

Tlf. 98 22 15 08

Egil Ognøy

Tlf. 98 22 15 06

Arild Ognøy

Tlf. 98 22 15 07