Håklepptunellen 12.08.19
Jardar Havikbotn
Arbeidet i Håklepptunellen skal vera ferdig i løpet av juni månad. El.-arbeid, installasjonar og testing gjenstår.
Byggeleiar Angelica Chamorro i Statens vegvesen fortel at det gjenstår ein del arbeid på det elektriske og andre installasjonar. Etter at alt er montert og tilkobla, er det ein del testar som skal takast.
Sykkelknappar
På begge sider av tunellen er det montert trykknappar for syklistar. Ved trykking vil dei store svarte skilta lysa med to gule lys, for å varsla om at det er syklist(ar) i tunellen. I tillegg til skiltinga vil belysninga aukast.
Bommane har ingenting å gjera med syklistar. Desse er til å stenga tunellen ved eventuelle hendingar.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 24.04.2020 10.10