Norsk lostransport AS til Bokn

Fv. Ordførar Tormod Våga, Vidar Kupen, Hallgeir Holthe og Olav Knutsen.

14. april ynskte ordførar Tormod Våga Norsk lostransport AS (tidlegare tilbringartenesta for los) hjarteleg velkomne til Bokn og sjøhuset i Alvestadkroken 32. 

Foto: Fv. Ordførar Tormod Våga, Vidar Kupen, Hallgeir Holthe og Olav Knutsen.

Overrekkinga av blomar og kake frå Bokn kommune gjekk føre seg i 2. etg. på sjøhuset. Då hadde Vidar Kupen, Hallgeir Holthe og Olav Knutsen frå Buksér og Berging AS hatt oppstartsmøte med losførarane.

- Her er det fantastisk greit, seier Olav Knutsen og ser ut over Boknasundet.
- Ja, her blir det kortare seiling og trafikkavviklinga blir meir effektiv, legg Vidar Kupen til.

Hallgeir Holthe skryter av fine lokale nær sjøen.
- Og ikkje minst, her føler me oss velkomne!

Ved midnatt

Tilbringartenesta for los var tidlegare ein del av lostenesta i Kystverket. 1. januar blei denne tildelt BB med overtaking på denne stasjonen 15. april kl. 00:00. Tenesta, som har vore utført av Kystverket sjølv, blir nå privatisert, og Kystverket skal kjøpa denne på ein 10 års kontrakt som altså BB har fått. Norsk lostransport AS er eit dotterselskap av BB.

Samstundes med tildelinga blei det også bestemt at tilbringartenesta, som tidlegare har vore i Kopervik, skulle flyttast til Bokn. Grunnen er at Bokn er nærmare bordingsfeltet på Skudefjorden, der mesteparten av trafikken tar los. Blant fleire alternativ i Bokn fall valet på sjøhuset til Espen og Åse Helen Alvestad.

Åtte tilsette

Dei som er vakt vil då ha basen ut frå Alvestadkroken 32. Her kan dei kvila mellom vaktene. På losbåten vil det vera åtte tilsette (fire samstundes på vakt), der tre av dei er boknarar. Dette vil generera aktivitet, i form av transport - og kanskje får også fleire boknarar arbeidsplassen sin der i framtida.

Ordføraren tykkjer det er stor stas å kunna ynskja dei velkomne til Bokn. Det har lenge vore snakk om å flytta tenesta til kommunen. 

- Kommunikasjonen i Rogaland har gjort flytting meir og meir naturleg. E39, T-sambandet, kortare distansar og korleis Bokn ligg i forhold til operasjonsområda er nok mykje av hovudgrunnen til dette, seier Tormod Våga.