Ny bok på populært turmål

Karmøybuar på Boknafjellet 01.01.164.498 personar skreiv seg opp i postkasseboka på Boknafjellet i 2015. 1. januar var det mange som tok turen og skreiv seg opp i den nye boka.

Veret slo skikkeleg til på årets første dag og det var reine folkevandringa på den 1.300 m lange grusvegen frå Boknaberg. Her var både joggarar, syklistar og turgåarar i alle variantar, frå heile Haugalandet - blide og glade folk som koste seg i sola.

Tradisjonen tru blir det trekt ut ein vinnar blant namna i 2015-boka, som får eit gåvekort​ på XXL. Det same blir gjort frå postkassebøkene på Vardafjellet og på Boknahåve. Vinnarane vil stå i Bokn Bygdablad nr. 1  2016.

Sprekingar: fv. Hans Ove Fostenes og Dmitrij Fostenes kom syklande frå Gismarvik.Før underteikna kom opp med ny bok var det seks stk. som hadde skrive seg opp i fjorårets bok. Desse blei sjølvsagt overførte til 2016-boka. Den første som skreiv seg opp er ein boknar. Kven dette er får du sjå når du tar deg ein tur opp.

​Godt nytt turår!