Ny brannbil

Haugaland Brann og Redning IKS har fått ein ny brannbil, som er stasjonert på Bokn.

Bildet viser Bokn brannvesen framfor den nye brannbilen. - Klikk for stort bileteNy brannbil til Bokn brannvesen, 09.03.23 Alf-Einar Kvalavåg

Dette blei markert på Bokn 9. mars, der stasjonsmeister for Bokn brannstasjon, Torleif Tollaksen, fekk overlevert nøklane frå brannsjef Dag Botnen.

- Dette har me venta på nå i fire år, seier Torleif Tollaksen.

- Bilen er større og lengre enn den førre, plass til 6 mann - og fekk akkurat plass i hallen, der den gamle var parkert.

Moderne utstyrt

Tollaksen fortel at storleiken på vasstanken har dobla seg i den nye bilen. Det betyr ein god del at tanken har gått frå 2 500 til 5 000 liter.

- Og så har me fått vasskanon framme, som me kan styra innafrå. Det var det ikkje på den gamle, seier han.

Den komplett utstyrte bilen har også fleire hestekrefter, meir komfort og er ein betre bil å køyra.

Ønsker fleire folk

Torleif Tollaksen fortel at det nå er 14 stk. med i Bokn brannvesen.

- Me treng fleire, og folk er hjarteleg velkomne, både damer og menn, avsluttar stasjonsmeisteren.

Interesserte kan ta kontakt med han, tlf. 90602541, ein annan i Bokn brannvesen, eller melda interessa si hjå Haugaland Brann og Redning IKS på hbre.no

Fleire bilde frå hendinga. Foto: Alf-Einar Kvalavåg