På den nye brannstasjontomta, 13.05.24: Fv. kommunedirektør Ingeborg Skjølingstad, ordførar Egil Våge og kommunalsjef teknisk Michael Gräfe.
Jardar Havikbotn
Første kvartal 2026
Måndag 13. mai var ordførar, kommunedirektør og kommunalsjef teknisk på synfaring på den 2,7 mål store tomta. Dei er glade for at ein har komme eit stykke vidare for å realisera ny brannstasjon.
-Går alt etter planen er den nye stasjonen ferdig i første kvartal 2026, seier kommunalsjef teknisk, Michael Gräfe.
23. april gav kommunestyret i Bokn kommunedirektøren fullmakt til å inngå kjøpsavtale 24. april. 8. mai blei kontrakten signert.
Ulike lokaliseringsalternativ
Det er vurdert ulike lokaliseringsalternativ for plassering av ny brannstasjon, som kommunestyret i Bokn har vedteke skal byggjast.
Den 2,7 mål store brannstasjontomta i Knarholmen, markert med raudt.
EiendomMegler1
Arbeidstilsynet gjennomførte tilsyn med fleire av brannstasjonane på Haugalandet i 2016, mellom anna Bokn brannstasjon. Det blei gitt fleire avvik. Det har vist seg vanskeleg å etterkoma krava frå Arbeidstilsynet ut frå tilhøva i den eksisterande brannstasjonen, og det er vedteke at det skal byggast ny brannstasjon på ei tomt som er eigna til føremålet.
Arbeidstilsynet har gitt frist til 31.03.26 med å oppfylla kravet.
Ulike alternativ er vurderte. Tomta i Knarholmen er den som blei vurdert som den beste av Haugaland brann og redning, når det gjeld plassering av ein framtidig brannstasjon.