![Nyinnkjøpte middagstallerkar.](/handlers/bv.ashx/i4196947d-f1c0-49d2-ad2b-2ab1f3acb2cc/w100/middag.jpg)
Bokn Sanitetsforening har igjen gitt kjøkkenservise til Bokn Arena.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 02.05.2017 11.28
![I det eine kjøkkenskapet i BA er det nå middagstallerkar, asjettar, krus og krystallglas til å dekka på til over 80 stk. Bestikket ligg i skuffer ved sida av.](/handlers/bv.ashx/i9d5b5ac3-3ada-4e30-a411-c0ad6e4ea999/w100/skap.jpg)
I samband med fjorårets opning av fleirbrukshallen, gav Saniteten asjettar, bestikk, krus og krystallglas til storkjøkkenet. Nå har det også kome middagstallerkar frå den gåvmilde foreninga.
- Nå er me klare for å dekka til fine anledninger som bryllaup, dåp og konfirmasjonar. Tusen takk til den fine gjengen i Saniteten, seier dagleg leiar Lars S. Alvestad.