Bokn Arena har fått fire piknikbord av årets avgangsklasse på Bokn skule.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 26.06.2017 11.32
Elevane i 10. klasse ville gi ei gåve til Bokn Arena. Valet fall på piknikbord, for då fekk alle bruka dei.
På eksamensfesten deira 20. juni blei det tatt klassebilde på same stad som då dei skreiv seg inn på skulen i 2007. Mykje har skjedd sidan den tid, m.a. har ein slutta og ei har kome til.
Takk for gåva og lukke til vidare!