Tidlegare rådmann, Jan Erik Nygaard leverte henne nøkkelen til rådmannskontoret. Sjølv har han flytta til eit anna kontor i same etasje, for å vera saksbehandlar og dela erfaringane sine med Ingeborg Skjølingstad, før han blir pensjonist.
Ingeborg Skjølingstad på sin første arbeidsdag på rådmannskontoret, 18.05.20
Jardar Havikbotn
Dagen blei markert med kake i lunsjen. Ordførar Osmund Våga var blant dei som tok i mot den nye rådmannen.
- Eg ynskjer ho hjarteleg velkommen til Bokn kommune og ser fram til godt samarbeid i åra framover.
Første dag på rådmannskontoret
- Eg gler meg veldig til å bli kjent med den nye organisasjonen, med alle som jobbar der, og ta fatt på nye oppgåver og utfordringar, seier Ingeborg Skjølingstad.