Ny rettleiar til fornærma i straffesaker

Frå nettsida til overgrep.no - Klikk for stort bileteFrå nettsida til overgrep.no overgrep.no Den nye og oppdaterte rettleiaren er for dei som er utsette for partnarvald, valdtekt og andre seksuelle overgrep.

Det er dei som står bak overgrep.no som har gitt ut rettleiaren, som inneheld informasjon om prosessen ved melding, etterforsking og erstatningskrav. 
 
Rettleiaren, som er utarbeida og kvalitetssikra av erfarne bistandsadvokatar, inneheld også oppdatert informasjon om ulike hjelpetilbod, som krisesenter, overgrepsmottak, støttegrupper og hjelpetelefonar.
 
Rettleiaren (PDF, 293 kB)