Ny TellTur til Kjeøya

Wenche Havikbotn skriv seg opp i turboka ytst på Kjeøya. - Klikk for stort bileteWenche Havikbotn skriv seg opp i turboka ytst på Kjeøya. Jardar Havikbotn Den nye tellturen til Kjeøya (Kjøynå) ved Ognahabn har nå fått postkasse og turbok.

Den nye turen er 1 km ein veg og er stort sett merka med blå småvardar. Den familievennlege ferda gir ei veldig maritim kjensle, med sjøen på begge sider av traséen.

Les også

TellTur 2022

På ytste toppen vil du finna postkassa med turboka oppi. Skriv du deg opp, er du med i trekninga om eit gåvekort. God tur!

Fleire bilde frå turen til Kjeøya:

 

Dagsturhytta

Ta deg også gjerne ein tur ut for å sjå kor dagsturhytta Kongsbu skal ligga.  Nå er det er oppretta ei offentleg facebookgruppe; Kongsbu - Dagsturhytta i Bokn. Her skal m.a. byggeprosessen presenterast og mykje anna - ikkje minst er alle inviterte til å posta tekst, bilde, tankar, spørsmål, m.m., slik at me får ei levande side!

Inne i gruppa ligg førebels bilde frå hyttetomta og området rundt. Ta deg gjerne ein tur i påsken - hugs gode sko.

Bli medlem nå:

Kongsbu - Dagsturhytta i Bokn