Ny turpostkasse på Boknafjellet

15.11.1999; Slik starta det, dåverande ordførar, Sigrunn Hole Hosaas oppfordra til å koma seg ut på tur. - Klikk for stort bilete15.11.1999; Slik starta det, dåverande ordførar, Sigrunn Hole Hosaas oppfordra til å koma seg ut på tur. Arne Hosaas I over 20 år har Bokn kommune oppfordra folk til friluftsliv. Etter ein lang koronapause kan turfolket nå skriva seg opp i postkassebøkene igjen.

Kommunen har sidan i fjor vår følgt friluftsrådene si oppfordring om å ikkje bruka turpostkassane på grunn av smitterisiko. 

Det har vist seg at kontaktsmittevegen har vore mindre viktig enn antatt, og i tråd med gjenopninga er det nå greit å skriva seg opp i dei åtte turbøkene i Bokn.

Solid postkasse

Postkassane på Boknafjellet har blitt skifta ut fleire gonger. Nå er det sett opp ein solid kasse som skal tola vér og vind godt. Dei som skal registrera TellTur, finn koden på eit kort oppi kassen. Og sjølvsagt er det lagt ny bok oppi.

I dag, 1. september - på årets første haustdag, vil me oppfordra til å ta seg ein tur på Bokn sitt tak, eller på ein av dei sju andre tilrettelagde turane. Dei som skriv seg opp i bøkene er med i trekninga av premiar.