Ny utstilling 27. og 28. august

Frå eit bilde med Den gule. - Klikk for stort bileteFrå eit bilde med Den gule. May Jorunn Vatnaland May Jorunn Vatnaland hadde debututstilling hausten 2019. Til helga stiller ho ut maleria sine på Boknatun, 2. etg. - i gangen til allrommet.

Begge dagar er klokkeslettet kl. 13-16. Den lokale kunstnaren har fått seg atelier, selt 190 bilde (og gitt mange som gåver) og starta eige einmannsfirma sidan førre utstilling. 

Den gule

Den gule, som blei kalla jenta med paraplyen i samband med debututstillinga, er med i mange av maleria hennar. Ho trur den gule treffer mange.

- Dei lagar personen til gutt eller jente alt etter korleis det passar inn for dei sjølve, og sidan den ikkje viser ansiktet sitt så er det jo fritt fram, fortel May Jorunn Vatnaland, og legg til at fleire har fortalt at personen gjerne minner dei om ungane då dei var små, eller om nokon dei har mista.

- Eg har også selt fleire av dei som barselsgåver.

Les også

Lokal kunst

Tar imot bestillingar

Den lokale kunstnaren får mange meldingar om ho kan mala bilde til dei, gjerne på tlf. 95 06 28 16. Ofte sender folk over bilde på Messenger og spør. Ho har ingen faste tider i atelieret, men når døra er open er det berre å stikka innom.

Utvikling

- Eg har nok lært meg litt meir dei siste åra, og har prøvd ut fleire teknikkar, seier ho.

- Og eg har funne ut at abstrakt kan vera kjekt, men kjenner eg kan bli irritert når eg ikkje får til sånn som eg har tenkt.

Ho meiner det er lettare å mala etter eit foto, for då ser ho at det er ferdig når ho har fått fram alt.

- Viss det ikkje er eit vanskeleg motiv, vel å merke, kjem det raskt frå ei som er godt nøgd med å ha kunsten sin på et greit nivå. 

- Ja, dette er rekreasjon for meg, og det skal vera kjekt. Det hadde sikkert vore nyttig med fleire kurs, eg hadde jo godt utbytte av dei 12 timane eg starta med, avsluttar May Jorunn Vatnaland, som understreker at dette fortsatt er på hobbyplan, og at det nok er langt igjen for å kunna leva av det.

Event