Nye hærverk i Bokn Arena

Dei siste tre vekene har det vore ein del hærverk i Bokn Arena.

Bilde av hærverk i Bokn Arena september/oktober 2023. - Klikk for stort bileteØydelagd spritdispenser ved døra til det populære møterommet Boknahåve i 2. etg. Bokn kommune

Det dreier seg om øydelagde såpebehaldarar, dorullhaldarar og papirdispenserar på toaletta. Øydelagde spritdispenserar i gangane. Brus på golv og veggar i garderobane. Her blir også kondomar fylte opp og hivne rundt. Sjølve hallen har også fått vått papir oppover veggane. 

Som ordføraren skreiv 31. mai i samband med hærverk:

"Ingen store og alvorlege ting, men veldig irriterande for reinhaldarar og vaktmeistrar som må bruke tid på å rydde opp i dette. Og ekstra utgifter som heller kunne bli brukt på noko betre."

Fleire bilde frå hærverka: