Nytilsett flyktningkoordinator

Anne-Beth Steinsnes er tilsett som flyktningkoordinator i full stilling, og hadde sin fyrste arbeidsdag i mai.

Bilde av Anne-Beth Steinsnes - Klikk for stort bileteAnne-Beth Steinsnes Jardar Havikbotn

Anne-Beth er utdanna adjunkt med vidareutdanning, og har 11 års erfaring som kontaktlærar ved barneskular i Karmøy. Ho har i tillegg 12 års erfaring frå arbeid knytt til flyktningar, då som integreringsrettleiar, lærar for minoritetsspråklege og som inspektør i vaksenopplæringa, noko som kjem til god nytte i rolla som flyktningkoordinator i Bokn kommune.

I samband med at kommunen vedtok å ta imot flyktningar i 2022, blei Anne Grethe Amdal Osvåg tilsett i 60% stilling som flyktningkoordinator, men ein erfarte etter kvart at det var behov for å tilsette fleire i tenesta.

Anne-Beth har kontor i første etasje på Boknatun, inngang ved servicetorget. Ho har telefonnummer 474 67 435 og epost: anne-beth.steinsnes@bokn.kommune.no

Velkommen til Bokn kommune!