Nytt kunstgras

Nytt kunstgras med eit miljøvennleg sandinnfyll. - Klikk for stort bileteNytt kunstgras med eit miljøvennleg sandinnfyll. Jardar Havikbotn Ballbingen ved idrettshuset har fått nytt dekke. Dette er ein del av eit renoveringsprosjekt, som skal fullførast neste år.

Ved første augekast ser det kanskje ikkje så fint ut. Dette kjem av at sanden vil vera synleg ei stund, før han etter litt tid og bruk vil detta ned og legga seg greit på plass. Det nye kunstgrasdekket har nemleg eit miljøvennleg sandinnfyll.

Bokn kommune valde å ikkje legga kunstgras med gummigranulat, etter som det då det er nå er innført ny forskrift som blant anna stiller krav om ei fysisk barriere rundt banen, og at den ansvarlige må sørga for forsvarleg handtering av drens- og overvatn og av snø, for å hindra at gummigranulat hamnar på avvegar når ein legg nytt kunstgrasdekke.

Kvalitet

Grasmatta i bingen er av typen Greenfields Slide Max Pro 35 mm sandfylt, med Alveo 10 mm støtpad under. GreenFields er ein av dei føretrekte produsentane av FIFA som set dei strenge krava til FIFA-kvalitetsprogram for kunstgras.

Underteikna testa underlaget i dag, og mange kan gle seg til å ta det i bruk!

Anbudsrunde

Det var PST Sportsanlegg AS i Kristiansand som vann konkurransen med to andre leverandørar. Dei har også fjerna det gamle kunstgraset og levert til godkjent mottak. 

Renoveringsprosjekt

Anleggskonsulent i NFF utførte i forkant ei befaring og leverte oss ein tilstandsrapport. Det gjenstar litt arbeid i rammeverket, samt ein sjekk av nett og lys. Dette blir utført til våren.

Renoveringa står på handlingsprogrammet til kommunen sin plan for idrett og fysisk aktivitet for 2022 – 2025.