Opning av Bokn Arena

Bokn Arena, austside - Klikk for stort bileteBokn Arena, austside Jardar Havikbotn Bokn Arena opnar for barn og unge på måndagar og onsdagar kl. 17-21 fram til påske. Det blir tilsyn av vaksne i opningstida. Første opningsdag er måndag 7. mars.

På møtet mellom frivillig sektor og kommunen 23. februar, kom det fram eit brennande ønske om at Bokn Arena skal opnast opp for born og unge som lenge har vore avskorne frå å bruka hallen. Temaet har også vore oppe i Formannskapet.

Det er utarbeida vaktrutiner og vaktliste. Dei som stiller som vaksenvakt i Bokn Arena, bidrar til at ungdom i Bokn har ein kjekk plass å møtast.

Ordninga gjeld førebels fram til påske.

Interesserte kan setta seg opp i eit skjema:

Vaktordning, Bokn Arena