Over 20 personar hadde møtt fram til Bokn sanitetsforening sitt arrangement, og pga. skulens haustferie var halvparten av desse barn. Leiar Reidun Grønnestad takka m.a. for det gode og store dugnadsarbeidet som var lagt ned.
Ordførar Tormod Våga gratulerte alle med dagen og gav uttrykk for at det å stå i ein heilt fantastisk flott gapahuk var ein herleg følelse. Den 49 m2 store gapahuken blir eit nytt samlingspunkt i Bokn, og kan brukast til mykje. Her er det berre å bruka fantasien.
- Blant dei gapahukane eg har sett er denne den absolutt finaste, sa ordføraren.
Ta deg ein tur ned og sjå. Det er ingen grunn til å venta heilt til St. Hans-feiringa neste år.
Fantastisk frivilligheit
Tormod Våga sa at byggverket er eit symbol på kva frivilligheita i Bokn er i stand til, ei frivilligheit som er heilt fantastisk. Han kalla frivilligheita den viktigaste drivaren i alle samfunn.
- Vårt moderne samfunn ville rett og slett stoppa opp utan den, sa han.
Før ordføraren klippa snora, takka han, på vegne av alle som vil bruka gapahuken, alle som har jobba for å få prosjektet i hamn.
Takk!
Bokn Sanitetsforening |
Initiativtakarar |
Odd Grønnestad |
Graving |
Ingolf Borgvald Are |
Støyping/snikkararbeid |
Ståle Trosnavåg |
Støyping/snikkararbeid |
Grieg Seafood |
Sponsing av betong |
Arvid Jensen |
Byggeleiar/snikkararbeid |
Anbjørn Bokneberg |
Snikkararbeid |
Magnus Grønnestad |
Snikkararbeid |
Magne Eivind Øvrebø |
Snikkararbeid |
Mæland Bygg |
Sponsing på material |
Speidarane |
Snikkararbeid (benker) |