Opning av ny sjukeheim

Else Nilssen opnar ny sjukeheim i Bokn, 24.06.19. Foto: Ingrid Sofie Rundhaug Ingrid Sofie Rundhaug 24. juni var det offisiell opning av nye omsorgsbustader og ombygging og utviding av sjukeheimen i Bokn.

Ordførar Tormod Våga gratulerte med dagen til spesielt inviterte, personalet ved Sjukestova og andre frammøtte.

I Bokn skal me ha det godt, uansett alder eller fase i livet

Ordføraren gav uttrykk for ei fantastisk glede over å stå og sjå på eit kjempeflott anlegg. Eit anlegg som sikrar at dei som er eldst i Bokn har moglegheit - om nødvendig - til å bu der, enten i omsorgsbustad eller på aldersheimen.

Tormod Våga roste alle involverte for god planlegging og fabelaktig innsats gjennom byggeperioden. Etter at det nye bygget stod ferdig, flytta bebuarane over i den nye delen medan den eksisterande sjukeheimen blei pussa opp. Så tilbake igjen.

Opning av ny sjukeheim 24.06.19. Fv. Else Kristine Nilssen, Else Nilssen og ordførar Tormod Våga. Ingrid Sofie Rundhaug Arbeidsgruppa for byggeprosjektet (3,5 år), med representantar frå dei politiske partia - leia av Rune Vatnaland, fekk også skryt av ordføraren for formidabel innsats og god framdrift.

- Dyktige fagfolk, god byggeleiing, flinke arkitektar, aktive tilsette i kommunen og alle andre involverte har bygd eit moderne bygg som skal ha høg bruksverdi, vera ein god plass å bu og jobba, og vera enkelt å vedlikehalda for framtida, sa ein stolt ordførar.

«Fru Helse»

At Bokns eiga «Fru Helse» gjennom generasjonar, Else Nilssen (97), med stor betydning for samfunnet og livet i Bokn i lang tid, skulle opna det heile, var svært gledeleg.

- Bokns eldste person bur i eige hus, men likevel er det ingen som veit meir om det å bu på gamleheim enn ho gjer, avslutta ordførar Tormod Våga, før han gav saksa til Else Nilssen.

I Allrommet, etter omvisinga, heidra ordføraren Rune Vatnaland, for det enorme dugnadsarbeidet han har gjort i byggeperioden. Han fekk eit bilde og eit cruise med «Hurtigruten», saman med kona – med desse orda;

Bokn kommune set utruleg stor pris på den jobben som er gjort i samband med
ombyggings– og utvidingsarbeidet av Bokn sjukestove - tusen takk!


Meir om opninga:

TV-Haugaland: 97 år gamle Else danket ut ordføreren da snora skulle klippes

Haugesunds Avis: Fekk cruise i gåve etter dugnad