Opning av toalett

Opning av offentleg toalett i Føresvik, 08.07.21 - Klikk for stort bileteOpning av offentleg toalett i Føresvik, 08.07.21 Jardar Havikbotn 8. juli opna ordførar Osmund Våga eit offentleg toalett i Føresvik. Sanitærbygget, som er på baksida av Sjøbris kafé, har tilhøyrande dusj og digitalt låssystem (10 kr).

Etter å ha betalt seg inn med kort, markerte ordføraren opninga med å trykka på spyleknappen på klosettet. Vaktmeister og røyrleggar Ingleif Kro orienterte om ulike funksjonar, m.a. om døropnaren innanfrå (sensorknapp). Bygget blir vaska dagleg.

Etterlengta

Både styrar ved Coop Prix Bokn, Lars Hetland, og Sjøbris-innehavar, Kristine Eike, fortel at dei ser positivt på at det har kome eit offentleg toalett på kaien.

Ordførar Osmund Våga fortel at det har lenge har vore eit ønske om å ha eit offentlig toalett i Føresvik, til glede for både turistar og fastbuande, for besøkande i båt og bubil, kundar på kaféen og Coop Prix Bokn.

I fjor blei det løyvd kr 200 000 til sanitærbygget, frå ekstra koronamidlar.

- Eg håpar bygget blir til glede og nytte, og oppfordrar alle til å halda det reint og ryddig, både inne og utanfor, seier han og ønsker alle ein god sommar.

Glimt frå dagen: