Oppgraderer leikeplass

Fv. Linn Kro, Ingrid Våge, Trine Grønnestad og Roy Olsen er einige om at dette blir bra. Jardar Havikbotn Leikeplass-sør i Havnavegen vil denne våren gjennomgå ei fornying. 14. april hadde velforeningen den første dugnadsøkta, i tråd med dagens koronatiltak.

Det er utruleg kva fem personar og ein gravemaskin får gjort på drøye to timar, i alle fall når maskinføraren held på med slikt til dagleg.

Ulike prosjekt på offentlege leikeplassar i Bokn er eit samarbeid mellom Bokn kommune og velforening, og i førre manad fjerna vaktmeistarane ei leikehytte og ein rutsjebane. Der skal det sannsynlegvis monterast nye vippedyr og ein sandkasse, i tillegg til at karusellen nå er flytta opp på området.

Klatreapparat

Leiar i Havnavegen velforening, Ingrid Våge, fortel at dei har sett av ein god sum på årets budsjett. Den største Skisse, klatrestativ Norsk Lek og Park     investeringa er innkjøp av eit klatreapparat med edderkoppnett, lianegong, klatretau og taubru. Dette vil aktivisera både barnehagebarn, skulebarn og ungdom. Apparatet skal stå ved sida av huskene, og mange kan gle seg til å ta det i bruk.

Dugnaden 14. april var av det spontane slaget. Takk til Kjell Frode Lie for rask tilrettelegging av gravemaskin.

Prosjektet er støtta av Bokn kommune.

Glimt frå dugnaden: