Optimistisk butikksjef

Butikksjef Lars Hetland.- Målet er sjølvsagt å få oppgradert den viktige nærbutikken i Føresvik , smiler butikksjef Lars Hetland. 

Då ville forretningen blitt større og kundane ville fått fleire varer å velja mellom. Coop-kjeden har som kjent fleire butikktypar og Coop Marknad Bokn har i dag varesortimentet sitt fordelt på 250 m2. Med framtidig befolkningsauke i Bokn er det ikkje urealistisk å tenka at gamle Bokn Handelslag skal få den nødvendige auken.

- Coop Sørvest har sagt at dei vil satsa på butikken. Dei vil at han skal vera oppe og gå og driva han godt, fortel 40-åringen frå Skjoldastraumen, busett på Karmøy.

Mat, leiing og folk

Lars Hetland, som snart har vore leiar av Coop Marked Bokn i fem månader, er både pølsemakar, butikkslaktar og kokk. Ein del av yrkeserfaringa si har han frå Slakter Haaland i Haugesund, kor han også overtok drifta etter dødsfallet til innehavaren. I seks år dreiv han den kjende forretningen i Haraldsgata. Han har også vore med og drive ICA Maxi i sildabyen. Kokkekunst har han fått praktisert offshore og på Kårstø. Stikkorda er mat, leiing og folk.

Spør - ikkje irriter deg

Butikksjefen trivst godt med folk og set pris på alle dei kjekke kundane og kollegaene på Bokn. Han blir ekstra glad viss folk kjem til han eller andre i personalet og spør om t.d. ein vare dei ikkje finn.

- Dersom det er tomt for enkelte varer skal det finnast eit alternativ - opptil fleire like produkt. Det kan også vera at varen er på lager her, så ein bør spørja personalet, seier han. Dette er nemleg ofte såkalla tørrvarer som dei nå, pga. logistikkomlegging i Coop Sørvest SA, får ein gong i veka, mot tidlegare to gonger i veka. Det kan vera ei utfordring å få varene tidsnok ut i hyllene.

- Me bestiller sjølvsagt viss kundane ikkje finn varen. Spør - ikkje irriter deg, det er ikkje bra for verken deg eller meg, meiner skjoldabuen, som registrerer at kundemassen har gått litt ned.

Styrt avvikling?

Fleire vegar til handelslekkasje går gjennom Karmøytunellen, det er alle klar over. Men noko av grunnen til nedgang i kundemasse kan vera usanne rykter knytta til ein spesiell periode tidlegare i haust. Då var det lite varer i hyllene og enkelte trudde det var byrjinga på ei styrt avvikling av butikken.

- Dette var ein eksperimentell periode kor eg måtte finna den rette balansen på antal varer inn og ut, svinn m.m., kjem det frå Lars Hetland, som også har ei utfordring med at det er begrensa kva ein kan ta inn av varer i ein liten butikk, og det er ikkje alltid like lett å imøtekoma kundane sine ynskjer.

- Det er ein del kjedestyrt på kva varer me kan ta inn, men styrt avvikling? - ikkje i det heile tatt, smiler butikksjefen.

For dyrt?

Enkelte synest også ein del varer er for dyre.

- Prisane er nok noko høgare, men viss ein nyttar seg av veketilboda som me har i kundeavisa, så synest eg me har brukbare prisar hos oss.

Drivstoff

Daglegvaresalet held seg stabilt og prisane har ikkje gått opp, totalt sett. Coop’en på kaien mista omsetninga på drivstoff 2. november. Då tok Knapphus Energi over drifta av alle pumpene. Desse blir ubemanna, men folk med ev. problem kan få hjelp ved å ta kontakt med butikkpersonalet i opningstidene.

Faste kundegrupper

Lars Hetland gler seg over ei veldig lojal kundegruppe og ynskjer seg meir av dei faste kundegruppene. Han håpar at folk skal synast at det er positivt med butikk i bygda - naturlig møteplass/knutepunkt kor du alltid treff folk, enten i kaffikroken eller lenger inne blant hyllene. Eit ynskje er at folk gir han tilbakemeldingar, både positive og negative -  konstruktive tilbakemeldingar.

- Eg ynskjer at boknarane skal bruka butikken for det han er verdt. Det er ting me ikkje har, men når det gjeld daglegvarer ligg me godt an, meiner ein travel butikksjef, som understreker at dei oftare får inn varer nå i adventstida.

- 20. desember har me sundagsope kl. 14 - 18, med overraskingar. Kom og sjå, avsluttar han med eit lurt smil.