PC'ar til ungdomsskulen

22. august overleverte ordførar Osmund Våga og IKT-sjef i Bokn kommune, Stein Magnar Askeland-Gjerde PC'ar til alle ungdomsskuleelevane.

Bildet viser Espen Ognøy Våge ta imot ein av maskinane frå ordføraren, på vegne av ungdomsskulen. - Klikk for stort bileteEspen Ognøy Våge tok imot ein av maskinane frå ordføraren, på vegne av ungdomsskulen. Jardar Havikbotn

Osmund Våga sa i innleiinga si at PC'ane var finansierte med 170 000 kr av fjorårets overskot. Niandeklassingen Espen Ognøy Våge fekk æra av å ta imot ein av maskinane frå ordføraren, på vegne av ungdomsskulen (37 elevar).

IKT-sjefen gjekk gjennom reglar og rutiner for PC-utdelinga, før den nye dataparken blei tilrettelagd for integrering i nettverket på skulen.

Både PC og iPad

- Dette prosjektet er eit resultat av ønsker frå både elevar, foreldre og tilsette, som har blitt imøtekomne av politikarane, fortel rektor Wenche Havikbotn fornøgd.

Ho seier at skulen framleis har klassesett med Ipad, som til dømes skal brukast i musikkundervisninga. Med PC lærar elevane seg mellom anna å orientera seg på ein datamaskin, bli kjende med integrasjonar mot skrivebordsprogram og læra seg trygg bruk på Internett. Dei får dermed naudsynt trening også i bruk av datamaskin, noko dei treng på vidaregåande skule og i arbeidslivet.