Fleirbrukshallen blir utvida og får permanent scene.
Bilde: SISTE DAG SOM ORDFØRAR: Kyrre Lindanger framfor tomta til fleirbrukshallen.
Publisert av Jardar Havikbotn
Publisert 27.10.2015 15.57
Det var etter grunnsteinsnedlegginga 21. oktober at kommunestyret i ekstraordinært møte samrøystes vedtok å utvida hallen i sørenden med 5,8 meter i høve til tidlegare godkjende planar, for å gje plass til ei permanent scene.
![Ordførar Kyrre Lindanger i sørenden på hallen, som er utvida med 5,8 m.](/handlers/bv.ashx/i0435f8f2-2776-4c28-bba4-e6f5abcff7a8/w100/hallscene.jpg)
Kostnadsramma på 38 millionar kroner blei dermed auka med 800.000 kroner til utvidinga. Etter planen skal fleirbrukshallen stå ferdig i august 2016.