Populære påskebesøk!

Populært påskebesøk! Gina Alvestad Påskehare og påskekylling frå Bokn barnehage laga god stemning då dei køyrde rundt til barnehagebarn.

Av Julianne Nilssen

Når barnehagen er stengt og barna ikkje kan komme der, tok personalet seg ein køyretur rundt til alle for å helse på.

Barna fekk levert kvar sin aktivitetspakke utanfor døra som dei kan jobbe med heime. Sidan det snart er påske, var det påskeharen og den gule kyllingen som kom på besøk.

Alle barna gav uttrykk for at det var kjekt å sjå oss, det same synest me, og håper at me snart kan treffast igjen i barnehagen.