Arbeidarane på Føresvikvegen har eit stort ønske.
Publisert av Gro Sørensen
Publisert 26.10.2017 14.17
Dei som jobbar på Sæbø-sletta ber innstendig om at alle som går og syklar om morgonen/ettermiddagen/kvelden brukar refleks og lys på sykkelen.
Usynleg
Maskinførarane sit dagleg med "hjartet i halsen" i frykt for at ein usynleg fotgjengar/syklist skal dukka opp frå mørket.
Her har nokon ein jobb å gjera!
Bruk refleks!