RM-landeveg 2018

Frå rittet i 2016 Jardar Havikbotn Alt er klart til Regionsmeisterskapet i landevegsykling til helga. Rittleiaren melder om mange klassar, god oppslutning og ekstremt høgt nivå på sundagens seniorløp.

- Det har aldri vore så raske syklistar på Bokn som det vil vera på sundag, og eg reknar med at alle rekordar vil ryka. Eliteryttarar frå Sandnes SK og Stavanger SK vil vera med og sørga for dette, fortel Kjell Olav Skjelde entusiastisk. Han gler seg over at Bokn i sykkelmiljøet har blitt anerkjent som eit av dei beste områda å arrangera ritt. Det er sjeldan at eit så stort ritt blir arrangert på same stad så tett etter kvarandre.   

Eldorado

Tilbakemeldingane fortel at syklistane likar seg godt på Bokn. Grunnen til det er flott natur, knallharde løyper, lite trafikk og blide innbyggarar. Bokn er i ferd å bli eit eldorado for sykkelsporten.

Arrangementet medfører nokre trafikkreguleringar, og det er laga eit nabovarsel. (PDF, 198 kB) Det aller meste skjer ved Kyrkjebygd kultur- og aktivitetshus (Petra), men det er verdt å merka seg at målgang på sundag blir på toppen av Torlandsbakken (Vaulen). Syklistane skal også sykla rundt Grønnestad med klokka.

Gåvekort

Som i 2016 blir det gåvekort til den som sender inn dei beste bildene til boknsk.no, samt til dei som lagar best stemning i Torlandsbakken.

- Ta med deg kubjella og lag liv – du er hjarteleg velkommen, avsluttar rittleiar Kjell Olav Skjelde.