Rockepoet til Bokn!

Tom-Roger-Aadland.jpgOnsdag 28. oktober blir det konsert med Tom Roger Aadland i Auditoriet kl. 19:30. 

Rockepoeten frå Vikebygd blei lagt merke til for alvor då han gjendikta og song Dylan på nynorsk på albumet Blod på spora. Låten Vikla inn i blått frå denne suksessplata blei nyleg kåra til ein av tidenes beste norske coverlåtar av WiMP.

Tom-Roger-Aadland_Rapport_Front_2400px.jpgNo er han aktuell med det kritikarroste albumet Rapport frå eit grensehotell. Plata dreier seg om menneskeleg einsemd og lengt etter kjærleik, og inneheld Aadlands sterkaste samling låtar til no. Det læt mørkare og meir skittent enn før; det er meir rock og mindre folk.  Det er stemningsfullt, mørkt og vakkert, og det er filmatisk. Scenene beveger seg fritt i tid og rom, og snarare enn å fortelje ei historie,  formidlar songane ein stemning. Tom Roger Aadland leverer alltid sterke melodiar, og singelen Like til mi dør blei raskt A-lista hos NRK P1.

På konserten på Bokn vil Aadland hovudsakleg syngje frå Rapport frå eit grensehotell, men ei Dylan-perle eller to på nynorsk blir det sikkert også plass til.

Billettsal i døra, kr. 150,-

Velkommen!