Av Elisabet Taraldlien
Capow x 2G på scena.
Rannveig Øvrebø/Egil Våge
Ordførar Egil og varaordførar Rannveig i Bokn kommune hadde lenge gått og tenkt på å gjera…eit eller anna kjekt for ungdommen på Bokn. Tidleg i mai vart det møte i Bokn ungdomsråd, og der stilte ordførar og varaordførar spørsmålet; «Kva kunne de tenkt dykk?» til ungdommane i rådet.
Svaret på det spørsmålet fekk me sjå 2. november i Bokn Arena.
Men, før det, ein haug med planlegging, søknader sendt til ulike instansar for å finansiera konserten, snakka med sponsorar, møte opp og ned i meinte, dugnad, plakatar, snakka med media, «spreia ordet», og endå litt meir planlegging og møte.
Konsertdagen
2. november gjekk ungdommar frå Bokn, Tysvær, Utsira, Karmøy, Sveio og Stavanger med litt sommarfuglar i magen. Klokka 19:00 opna me dørene i Bokn Arena, og konsertklare ungdommar kom spente inn.
Kvednabekkjers
Rannveig Øvrebø/Egil Våge
Kvednabekkjers opna klokka åtte med «KVEDNÅ», og frå då og ut over kvelden steig stemninga jamt og trutt. Publikum (89 i talet) song med, og det var skikkeleg livat framfor scena. «Kvednå» som dei blir kalla lokalt, starta med sin første hit, og «kvednapoppa» seg fram til ein av sine siste utgjevingar, «Festival».
Capow X 2G
Rapduoen kom på scena halv ti, opna med «31. ETASJE», og som med Kvednabekkjers fekk dei super-feedback frå publikum i form av dans/hopping, og song. Gutane frå Capow X 2G hadde ein super kveld ifølge dei sjølv.
-Det var kjempefint, me fekk så god kontakt med publikum, sa Imanuel Kimani - 15 år (2G).
Bruno Capodistrias, snart 17 år (Capow) fulgde opp:
-Ja, det var kjempefint der ute (på scena).
Det vart møte med publikum etter konserten, med selfiar og ein god del «adding» på Snap.
Takk!
Me må takka initiativtakarane, ordførar Egil og varaordførar Rannveig - og Bokn ungdomsråd som ønskte konsert.
Fra venstre: Varaordfører Rannveig Øvrebø, Imanuel Kimani, ordfører Egil Våge og Bruno Capodistrias
Unni Askeland
Dette vart ein kveld å minnast. Ungdommane som kom, sa dei hadde hatt ein super kveld. Nokon kan kanskje tenkja at ungdom lagar litt «sjau og ugreia». Vel, det såg me INGENTING til denne kvelden, ungdommane oppførte seg eksemplarisk.
Sånn kan ein få til, til og med på Bokn, for det er så mange som ønsker å hjelpa til - og bidrar. Ikkje minst foreldra til dei flotte ungdommane våre gjennom FAU, og elles eit stort engasjement.
Skal ein først takka, må ein også retta ein stor takk til eit lokalsamfunn som står på, med Bokn kommune i ryggen, og lokale og eksterne sponsorar. Då kan ein faktisk dra ein konsert for ungdom i land.
-Takk-
Elisabet Taraldlien
Koordinator, Bokn ungdomsråd
Fleire glimt frå kvelden: