Samarbeidsmøte

Jardar Havikbotn 23. februar var det møte mellom frivillig sektor og Bokn kommune. Oppfølging av vedtekne tiltak i Plan for samordning frivillig/offentleg sektor Bokn kommune stod på saklista.

Heile 18 av dei frivillige laga i Bokn var representerte. Frå kommunen stilte ordføraren og fem stk. frå administrasjonen.

Dei fem planmåla som dannar utgangspunkt for vidare arbeid, blei gjennomgåtte:

Mål 1: Styrking av tilbod retta mot born og unge
Mål 2: Forenkla kommunikasjon mellom frivillige lag/organisasjonar og kommunen
Mål 3: Samordne og systematisere arbeidet retta mot frivillige organisasjonar
Mål 4: Skape forutsigbarhet for kommune og frivillige organisasjonar
Mål 5: Legge til rette for auka frivilligheit i kommunen

Forsamlinga gjekk så gjennom dei tiltaka der ein har hatt framdrift:

Tiltak: Etablere tilskotsordning for å sikre alle born og unge tilgang til aktivitet på Bokn
Tiltak: Etablere årleg treff mellom sektorane for gjensidig meiningsutveksling og dialog
Tiltak: Felles portal for kommunikasjonsutveksling og synleggjering av aktivitetstilbod
Tiltak: Oversiktleg registrering av organisasjonar og aktivitetar
Tiltak: Lån/leige av kommunale lokalar skal systematiserast og forenklast
Tiltak: Kartlegge behov innan kommunen og samordne samarbeidet med frivillige
Tiltak: Samordning av og bistand til administrative oppgåver

Godt møte

Administrasjonen fekk inn mange gode innspel/spørsmål frå salen gjennom heile møtet. Eit nytt bookingsystem for kommunale lokale, som snart skal lanserast, blei også presentert. Ordføraren takka Lars Sigmund Alvestad for den store innsatsen hans i Bokn Arena i over fem år! Organiseringsendringane av bygget vil bli kunngjorde seinare.

Under eventuelt kom det fram eit brennande ønske om at Bokn Arena skal opnast opp for born og unge som lenge har vore avskorne frå å bruka hallen. Det blir utarbeida vaktliste, på måndagar og onsdagar kl. 17-21 fram til påske. Første opningsdag blir måndag 7. mars. 

Eit nytt samordningstreff er sett opp 28. september.