Samfunnsentreprenørskap

Kurs i samfunnsentreprenørskap

Framoverlente Bokn Bondelag tek samfunnsentreprenørskap, zen og lokalsamfunnsutvikling til nye høgder! 

Av Anne E. Askeland

Laurdag 19. november gjekk startskotet for Bokn Bondelag si satsing «Kurs i samfunnsentreprenørsskap», ei kursrekkje som strekkjer seg over totalt 5 dagar:

Oppstartshelga 19. og 20. november, 26. november og 6. og 7. januar 2017.

Fagplanen refererer til sentrale spørsmål ein vil freista finne svar på i løpet av kurset:

  • Kva er ressursgrunnlaget vårt?
  • Kven er dei potensielle aktørane i vidareforedling av dette?
  • Korleis kan me samarbeida breitt i denne vidareforedlinga – og kva rolle kan kommunen spela?

Lokalt tilrettelagt kurs

Det er flott at eit kurs som dette vert lagd til Bokn. Bokn kommune applauderer initiativet primus motor Emilie Moi Eikje, saman med resten av Bokn Bondelag, har tatt for å få dette kurset til Bokn. At kunnskap om samfunnsentreprenørskap kjem både den einskilde og samfunnet til gode, er heilt sikkert.

Kursdeltakarane viser til eit breitt spekter av interesser, fagområder og gjeremål. Vi vil hevde at dei er svært priviligerte som no får denne anledninga til å stifte bekjentskap med ein ressurs på området som det kurshaldar Dag Jørund Lønning representerer.

Primus motor og initiativtakar, Emilie Moi Eikje frå Bokn. Til høgre grunder og innovatør Erik Eikje.

Professor dr.philos. Dag Jørund Lønning er rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling. Lønning har spesialkompetanse på nyskaping som fenomen, og har fokusert spesielt på ny identitetsbygging/nyskaping og moglege implikasjonar og potensial for bygdesamfunn.

Han har gjennom ei rekkje publikasjonar og prosjekt søkt medvite etter nye utviklingsrom for bygda/distrikta, og vore leiande i Noreg når det gjeld forsking på natur- og kulturbasert nærings- og stadutvikling. I dette arbeidet har han også vore sterkt oppteken av forskaren som aktiv medverkar i lokale utviklings- og mobiliseringsprosessar. Fokuset på "kunnskap for utvikling" har prega Lønning sine arbeid gjennom mange år, og vert no vidareført gjennom HLB.

Lønning har elles brei kompetanse på landbruks- og distriktspolitikk både i Noreg og i Europa, og har lang erfaring med internasjonalt forskings- og utviklingssamarbeid.

Lønning har leia ei rekkje rurale stad- og næringsutviklingsprosjekt både nasjonalt og internasjonalt, i tett samarbeid med aktørar i landbruk og bygdenæringar samt lokalt og regionalt verkemiddelapparat. Fleire av desse satsingane har leidd fram til nye verksemder og breie regionale satsingsfelt. Lønning har og erfaring frå store evalueringar.

Dag Jørund Lønning har dei siste åra vore knytt til EU-kommisjonen som ekspert på landbruk, bygdeutvikling, entreprenørskap og kulturarv.

Lønning er landets første professor i nyskaping og bygdeutvikling. Han vart kåra til Årets norske landbruksbloggar i 2014 og Årets norske bygdeprofil i 2015.

Kjelde: HLB

Drivkrefter og motivasjon

Lønning innleier med å peike på betydninga av å leite fram kreftene den einskilde av oss har i seg. Det vil vera høgt fokus på mennesket heile kursrekkja gjennom. Han peikar også på betydninga av å fokusere på samfunnet og på å skape lokalsamfunn nedanfrå.

Ivrige og lydhøyre kursdeltakarar, laurdag 19.november, Bokn Arena.

Men, korleis verkar så kreftene i oss som einskildpersonar? Korleis verkar kreftene i lokalsamfunnet; kva er det som framstår som dei viktigaste drivkreftene for å koble mennesket, metodane og skaparevna saman for på denne måten å skape utvikling?

Kva er den grunnleggjande motivasjonen hjå den enkelte av oss? Handlar det kun om å koke saman eit produkt og å håpe på å tene «kjappe pengar»? Eller handlar det om dimensjonar ut over dette perspektivet?

Lønning si fine introduksjon til kurset laurdag 19. november vart avslutta med eit sitat:

«Ein må leve for noko før ein kan leve av det» .

Dei fleste vil nok kanskje nikke bekreftande til det? 

Å zen'se essensen

Heilt på tampen av introduksjonsøkta til kurset nemner Lønning også ei bok:

«Zen og kunsten å vedlikehalde ein motorsykkel» av Robert Pirsig.

Bok i zen

Boka er ein filosofisk roman om livskvalitet, og ein undersøkelse av verdiar. Men også ei ærleg beretning om ein far og hans elleveårige son. Under open himmel, og på ein gamal, velholdt motorsykkel blir dei henvist til seg sjølve og kvarandre.

Boka er ei fascinerande reise på fleire plan: bakover i tid, innover i eige sinn og geografisk på tvers av det amerikanske kontinentet. Den handlar om østleg og vestleg filosofi, romantisk og klassisk virkelighetsforståelse, og forholdet mellom intellekt og følelsar. Zen-buddhismen har meditasjonsøvelsen "berre å sitje stille".

På ein motorsykkel opplever ein omgivelsane på ein heilt ny måte; du er i fullkommen kontakt med alt omkring, og får ein overveldande følelse av å vere til stades. For Robert M. Pirsig (f.1928) er motorsykkelen "fyrst og fremst eit mentalt fenomen". Å vedlikehalde ein motorsykkel er å vedlikehalde seg sjølv. "Zen og kunsten å vedlikeholde en motorsykkel" er blitt ein internasjonal bestselger - og ei kultbok.

Underteikna har allereie bestilt boka hjå bokhandlar og ser fram til å fylgje både den og utviklinga i kurset i samfunnsentreprenørskap. Introduksjonen til kurset lovar svært godt; kursdeltakarane kan gle seg til komande kursdagar. Og på sikt vil både den einskilde deltakar, men og boknasamfunnet, få att for at ivrige sjeler vel å bruka av tida si på eit så viktig tema som nettopp samfunnsentreprenørskap.

Vi ynskjer lukke til vidare med kurset alle saman!